Til deg som vil dyrke hjemme på "Kjøkkenbenken" GRATIS FRAKT!
Til deg som vil dyrke hjemme på "Kjøkkenbenken" GRATIS FRAKT!
Handlekurv 0

Vann-vittige vekster!

Å dyrke i vatn, utan jord – såkalla hydroponi – har lenge vore utbreidd i moderne landbruk. Tomatar er eit vanleg eksempel i Noreg. Men no kjem automatiserte hydroponi-system for fullt inn i dei tusen heimar. Ein bugnande urtehage på kjøkenbenken på tre veker er fullt mogleg, sjølv med eit minimum av utstyr og kunnskap. Og når urtene først er haustingsklare, har du urter når du måtte ønske det – året rundt.

IT-konsulent og hobbygourmet Gunnar Berre har sitt hydroponiske «mikroanlegg» som midtpunkt på kjøkenbordet. For å starte forsiktig valde han ei kompakt løysing.
– Etter tre veker hadde eg plutseleg fersk basilikum, berre ved å fylle på vatn og ein kork med næringsstoff innimellom. Eg meiner urtene smakar betre enn dei ein kjøper i butikken, og eg slepp å lure på kva slags tilsettingsstoff som er brukt. Og så er det jo ganske dekorativt, ikkje sant? seier Berre, som har drive med hydroponi eit års tid.

Utan grøne fingrar

No veks timian, persille og koriander i mikroanlegget, som han kontinuerleg haustar av til familiemiddagar tre-fire gonger i veka.
HOBBY PÅ KJØKENET: Koriander, timian og persille er det som Gunnar Berre for tida har veksande på kjøkenbenken. Han seier han har fått hydroponi-dilla etter at han sette i gang for eit års tid sidan, og vurderer stadig å utvide verksemda.

– Korianderen veks så fort at vi ikkje klarer å ete han raskt nok, legg han til, og viser «overskotet» som han har putta i eit vassglas.

Han trur hydroponi kan vere løysinga for mange nordmenn som ønskjer å dyrke eigen mat, men ikkje har så mykje kunnskap om dyrking.

– Eg har ikkje grøne fingrar i det heile tatt, men med slike alt-i-eitt-system er ein nærmast dømt til å lykkast. Med automatisk styring av lysmengd og oksygentilførsel er det veldig lite bry, og ein blir lett biten av basillen når resultata kjem såpass raskt, seier Berre.

Enkelt prinsipp

Ein treng fire ting for å kome i gang med hydroponisk heimedyrking: Ein vasstett konteinar plantene kan vekse i, eit vatningssystem, næringsstoff og vekstlys.

Artikkelen held fram under biletet

STORSKALA: Hydroponi er lenge blitt brukt i landbruket. Her ser vi eit drivhus i Milwaukee i USA, som tek hydroponi eit steg vidare ved å ha fisk i bassenget som vatnet blir henta frå. Ekskrement frå fisken blir ein del av næringa til plantene, som reinsar vatnet før det blir returnert til bassenget.
STORSKALA: Hydroponi er lenge blitt brukt i landbruket. Her ser vi eit drivhus i Milwaukee i USA, som tek hydroponi eit steg vidare ved å ha fisk i bassenget som vatnet blir henta frå. Ekskrement frå fisken blir ein del av næringa til plantene, som reinsar vatnet før det blir returnert til bassenget.

Det finst mange «ferdigpakkar», store som små, som gjer at nær sagt kven som helst kan få det til å gro. Men prinsippet er det same uansett kva for ei løysing ein vel: Frø blir plasserte i potter som ein har fylt med laus masse – vanlegvis små kuler laga av leire. Massen er berre for å gi planta støtte. Ei pumpe får vatnet til å sirkulere, medan næringsstoff må tilsetjast på gitte tidspunkt. Rikelege mengder lys – helst styrt automatisk – tek seg av resten.

– Hydroponisk dyrking har mange fordelar over tradisjonell dyrking i jord. Ein har betre kontroll over næringsinntaket til plantene, det tek mindre plass, det er mindre jobb, og det veks ganske enkelt mykje raskare, seier Jørn Hammer, som driv nettstaden Den Lille Gartner (denlillegartner.no)

Sparer krefter

Det er ikkje vatnet i seg sjølv, men heller mangelen på jord, som er nøkkelen til kvifor hydroponi er så effektivt.

– Vekstane slepp å bruke energien på å strekke røter ned i jorda, og kan heller «konsentrere seg» om å vekse seg store og flotte. Det er etter vekstfasen (rundt to veker) at dette fenomenet verkeleg tek til å vise seg. Plantene skyt nærmast i vêret, forklarer Hammer.

Betre LED-lys

At hydroponi i heimesamanheng er blitt meir utbreidd dei siste åra, kjem i stor grad av at gode LED-lyspærer, spesielt utvikla for dyrking, er blitt langt meir tilgjengelege. Fordelen med LED er at dei brukar berre ein brøkdel så mykje straum som tradisjonelle vekstlys, og skaper heller ikkje nemneverdig varme.